Ord for dagen 15.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Guds kjærleik er som stranda og som graset, som vind og vidd og jord og allheims rom. Vi fridom fekk å bu der, gå og koma, å seia ja til Gud og seia nei. Guds kjærleik er som stranda og som graset, som vind og vidd og jord og allheims rom.

Utsnitt av Sigmund Årseths Våren i Rogne kyrkjestogo. Foto Eli Vatn

Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.
Vi fridom fekk å bu der, gå og koma,
å seia ja til Gud og seia nei.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.

I salmen frå den grensesprengande 68-er generasjonen skildrast eit stort fritt rom å leve i. Og mennesket sin fridom til å seia JA til Gud og seia NEI.

Det var viktig i seia NEI den gongen ein protesterte mot Vietnakrigen, fridomen til å kritisere styresmakter og autoritetar. Det er viktig når du er tre år og skal finne ut kven du sjølv er. Å kunne seie NEI er nødvendig for grensesetting, sjølvstende og ansvar.

Å kunne seie JA er nødvendig for å la undere skje. Eg minnest eit grensesprengande eksperiment då eg var student. Vi var samla i ein stor ring, en av oss skulle vende oss til sidemannen med ein påstand om vedkommande: som for eksempel «Eg høyrer du stel gardiner frå butikkane». Vedkommande skulle då svare JA – og så fortsette å snakke til leiaren stoppa leiken. Det kjendest som ei umogleg oppgåve då vi fekk henne – snakke uavbrutt om noko vi ikkje hadde førebudd oss på. Men ordet JA var det forløysande; det opna rommet for fantasien og det sprudla ut dei mest fantastiske forteljingar om kva stjålne gardinar vart brukte til. Energien steig i gruppa og latteren sat laust!

Som NEI er naudsynt for sjølvstende er JA forløysande på glede, fellesskap og skapartrong. JA er nøkkelen til at dei store ting kan skje.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"